Tekstar
Foto: Lasse Fløde
-
Tekst: Jørund Telnes
Melodi: Hans Matthison-Hansen
Etter Ellen B. Nordstoga, VinjeÅ ban og veslegut heiter eg,
og pil og boge hev eg med meg
Kom reven raude.
no skò du daue, no skyt eg degÅ rev du slett alli tenkje må
at du meg lombi skò stela frå
Kjem du i skogen,
eg skyt med bogen, skò du få sjåBurtafor stoga ein bekk der renn,
der set eg upp både sag og kvenn,
og bygger båtar
bad’ skip og flåtar
på sjøen finTe mast eg set upp ei hanafjør
og så te Gull-landet då det ber
Sjå skipet reilar*
Ja, sjå det seilar. Snart er me derSå kjem eg att med ei tunne gull,
med lomb og sauir og silkeull,
og fuglar kjøne**
båd’ blå og grøne, som syng i krull -
Tekst og melodi: Odd Nordstoga
Fritt etter Aslak Høgetveit, Vinje
Å, guten gjekk på golvet og skitna sin sko
og jenta sat i båsen og knisla og lo
Si bisselileluleli saveliolei
Å jenta gjekk i enga og nysste sine strå
og guten stod og smilte av det han tenkte på
Si bisselileluleli saveliolei
Si bisseli luleli saveliolei
Si bisseli luleli saveliolei
Si bisselileluleli saveliolei
Å, nei alli, alli
alli, alli meir
vil livet lulle og lyse slik for dei
Si bisselileluleli saveliolei
-
Du kan tru på himmelen
Du kan tru det du vil
Du kan tru at det blir betre
Om du berre prøvar alt du kan litt tilDu kan tru på dei som sel deg
oppskrifta på å leva i di tid
Du kan tru at det er noko nytt på gang
Når du blir fortalt det som har vore kjent i evig tidOg du kan tru meg på mitt band til deg
Men aleine du! Det tyngre veg
Så lei med meg aleine du, aleine eg og du
Lei med meg aleine du, aleine eg og duDu kan tru på dine krefter
Du kan tru på dine val
Du kan tru på meg og oss to
Setje oss i ei slags eining og ein malOg du kan tru meg på mitt band til deg
Men aleine du! Det tyngre veg
Så lei med meg aleine du, aleine eg og du
Lei med meg aleine du, aleine eg og duFor alt du eig for sikkert
er ei bøtte full av lengt
og ho ligg der framme i tida
full med det du hadde tenktSå lei med meg aleine du, aleine eg og du
Lei med meg aleine du, aleine eg og du -
Tekst og musikk: Odd Nordstoga
Still er natta her utanfor
og stille er det her inne.
Eg leitar etter ein slutt for i dag,
den er ingen stad her å finne.
Det er tomt når dagen for sin veg
og natta er her forutan deg.Eg ville så gjerne få kjenne på
å vera ei tid her aleine.
La dagane gå i si eiga takt,
la kveldane få bli seine
og la meg få høyre det som blir sagt
når hjartet får slå i si eiga takt.No har eg prøva, og kjenner på det
at nokon ein kan snu seg te,
at ei å sitje i sofaen ved
– det!
Det er det som kan gje’ meg fred, det.
Det er det som kan gjeva meg fred.Men fridom skjønar eg ganske greitt:
Det er å vera her inne
og ikkje møte eit blikk, eit ord
som kan pirke meg innpå sinnet.
Møte stilla i alle rom
og gjeva ein lyd for å late som omat eg ikkje går og kjenner på det
at nokon ein kan snu seg te,
at ei å sitje i sofaen ved
– det!
Det er det som kan gje’ meg fred, det.
Det er det som kan gjeva meg fred.No har eg prøva og kjenner på det
at nokon ein kan snu seg te
at ei å sitje i sofaen ved
– det!
Det er det som kan gjeva meg fred det.
Det er det som kan gjeva meg fred. -
Tekst og musikk: Odd Nordstoga
Her er skogen
Her er stien
Her er fura stor og feit
Her er duva som har brevet
Her er reven som allting veitHer er myra
Her er molta
Her er songen frå ein bekk
Her er ugla som har svaret
på det du gløymde vekkHer er alt det som du minnest
i din fot og di hand,
som du gløymde då du ivrig
gjennom tidene for fram
Her er alt slik det var laga
då du ein gong kom i landHer er blomar
Her er enga
Her er stein og her er jord
Her er elgen borti kanten –
var det den du såg i fjor?Her er fjellet
opp mot himmelen
Det er for tungt og stort for ord
Men det er dit du snur ditt auge,
for det er der at lengten grorHer er alt! Og alt er heime,
knytt i hop med skøyre band
Og dei før deg, dei for stille
når dei gjennom her for fram
Her er alt slik det var laga
då du eingong kom i land