"Storebroer og lillebroer"
Lillebroer tala til storebroer sin
Eg veit meg ei jomfru så fager og så fin.
Du er den, du er den eg hev tinga i min ungdom
Den jomfrua er inkje god å få
femten hundre kjempur henne vaktar på
Storebroer tala til lillebroer sin
No vil me snu våre gangarar omkring.
Eg held'e det inkje fyr fulltakjen gut
som teke på ei reise og inkje helde ut.
Femton hundre kjempur han slo i ein ring
dei dyri dei rømde fyr runeblakkjen inn.
Jomfrua ut gjenom vindauga såg;
Hot er det fyr ein galning som helde i vår gård?
Eg er ingen galning om du seier så,
men eg skal bli din festarmann, det må du lite på.
Eg skal tukte deg etter mitt sinn,
så du skal læra bet'e beda belaren inn.
Lillebroer breidde ut kåpa blå,
lyster du jomfru å kvile derpå?
Ei liti kvild er fulla god
dersom eg gjorde 'kje ungkarsvein imot.
|
|